Onsdag tok Sveen Auto i bruk sin nye bilhall og bilverkstad. Det er delvis nybygg og delvis renovering av dei gamle lokala. Både bilhallen og verkstaden har fått betre plass og det er blitt nye og fine lokaler som er tilpassa de krav og funksjoner som VW har til sine forhandlarar. Da vi stakk innom på lynvisitt onsdag var det full moblisering for å gjera unna siste finpussen før opninga kl 12.
I bilhallen var daglig leiar Lars Kristian Todal og salgssjef Arnbjørn Heggset i gang med støvpuss, og etterpå var dei klare til å hoppe i finstasen for å ta del i snorklippinga, der det var venta gjestar frå VW-importøren Møller. Vidare skal dei feire saman med kundane utover heile resten av veka, med servering av blautkake og kaffe til alle som stikker innom.
Og jammen er det verdt å ta turen innom, for det har vorte staselige lokaler både for salgsfolka og verkstadfolka. Torsdag kveld er det offisiell opning for Sveen Mekaniske, som skal feire med innbedne gjestar i verkstadhallen. Der er det ordførar Mons Otnes som skal foreta den offisielle opninga. Vi ønsker lykke til med ny butikk og ny verkstad!