Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svartvassområdet har også fått sin tursti

Jon Olav Ørsal Sundag 7. april 2024

Turstien som går frå Svartvassmelan og nedover langs Surna, til Alti-sentret er forlengst teken i bruk.  Du kan faktisk starte ved Øyabrua og gå gjennom Brekkøya og vidare langs Svartvassmelan og nedover til Alti-sentret.   Ein flott og nylaga tursti går nedover langs elva Surnas bredder, det det både er montert gatelys og det er sett ut benkar og avfallsdunker langs elvebredda. 

Den nye turstien eer mykje bruka som rekreasjonsområde og her er du utruleg sikker på å treffe kjentfolk. Frå venstre Kari Vang, Solveig Fiske, Berit Kårvatn og John Vang. Foto Jon Olav Ørsal

Vil du trekke litt frisk luft på turen frå Skei til butikksenteret, så er nok dette det kjappaste og flottaste vegvalet du kan ta.  I Svartvassbakken er det forresten stor byggeverksemd no om dagen, der Talgø Bygg og Sætra Drift er i gang med å føre opp ein 4-mannsbustad og ein 6-mannsbustad.  I same området er det plass til fleire bustader som blir starta på når det blir behov.

4-mannsbustad som er kome langt i byggeprosessen. Det er Talgø Bygg og Sætra Drift som samarbeider om prosjektet. Foto Jon Olav Ørsal

Her Svartvassbakken skal det etter kvart bygges fleire bustader – lengst til høgre er ein 6-mannsbustad i gangsett. Foto Jon OLav Ørsal

Her ved Svartvassmelan startar egentleg turstien. Foto Jon Olav Ørsal

Her endar turstien opp – like nedafor inngangen til Power og Europris på baksida av Alti-sentret. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 7. april 2024, 13:52