Rynkeroser lever farleg no om dagen. Dei er svartelista, og er ein framand art som er fredlaus ute i naturen. Men det har ikkje vore til hinder for at dei har etablert seg rundt om kring i naturen – helst i samband med vassdrag eller kanskje mest langs standlina i sjøen. Tysdag dukka Bygdeservice Øksendal opp med verneutstyr og sprøytemiddel, for å ta knekken på dei lokasjonane som er registrert. Oppdragsgjevar var fylkesmannen i Møre og Romsdal og nærare bestemt miljøavdelinga.
Da vi trefte de to frå Bygdeservice, Ole Magne Bjørnhjell og Alf Jonny Sande, som heldt dei på og rigga seg til for å ta nokre lokasjonar i fjøra – frå bygdanausta og vidare i retning Bordholmen. Dei to fortalte at det var mest vanleg at rynkeroser spredde seg langs vassdrag og i sjøkanten. Derfor er det viktig at folk som har rynkeroser i hagen sørger for å brenne dei, eller kaster slik avfall i søppeldunken som restavfall. Dei slår veldig lett rot, og har ein eventyrleg evne til å spre seg og dei får høve til det.
Rynkerosa (Rosa rugosa) kjem opprinneleg fra Aust-Asia, og vart innført til Europa tidleg på 1800-tallet for å pryde hagar og stabilisere sanddyner står det i Wikipedia.