Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SuSu: Startar 4 nye år med samarbeid

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. august 2018

Onsdag samla SuSu – samarbeidsorganet for næringsutvikling i dei to kommunane Sunndal og Surnadal – til pressemøte på Sunndalsøra for å orientere om  programmet for fortsettelsen av samarbeidet.  I helga blir det markering i Svinvika, der det SuSu arrangerer familiedag og rokonkurranse mellom Svinvika og Rakanesset.

Dette skal markere at 4 år med næringslivssamarbeid er avslutta og at 4 nye er på beddingen og framleis er det døgnopen region i vekst som er det langsiktige målet. Det samarbeidet som har pågått i første periode har vore skikkeleg fruktbart, og SuSu kan skilte med rundt 150 nye arbeidsplassar i dei to kommunane.  I den vidare utviklinga av samarbeidet vil ein no kome meir over i ei planfase, der det vil bli lagt meir vekt på forskning og utvikling. Dette blir eit opplegg det vil bli jobba med utover hausten.

Brygga i Svinvika blir arena for laurdagens arrangement. I tillegg til friluftsservering ved brygga blir det montert ein stor tipie der det og blir servering. Foto: Jon Olav Ørsal

Det artige med laurdagens arrangement er at det er to bedrifter som har fått støtte frå SuSu som er medarrangørar på laurdagens events i Svinvika. Det er Kristina Svinvik AS som startar med restaurant i fjøset i Svinvika og blir markedsført under namnet Svinvik Gard. Det andre er Steinovnbakeriet Slettnesset, der Karin Åsbø er innehavar og skal starte bakeri. Dei to skal sørge for servering av heimlaga fiskesuppe og steinovnsbakt brød til alle gjestane som kjem innom Svinvika på laurdagens arrangement. Det blir lagt opp til fleire familie aktivitetar under familiedagen som varer frå kl 13 og utover til kl 16. I tillegg til rokonkurranse vil dykkarklubben prøve å heve eit gammelt bilvrak. I tillegg blir det aktivitetar både på sjø og land, og Svinviks arboret opnar porten for publikum igjen denne dagen. – Dette skal bli ein kjekk og triveleg familiedag, der det er gratis adgang for alle, fortalte Karin Halle da ho orienterte om arrangementet på dagens møte

Kapproinga mellom Svinvika og Rakanesset kjem til å bli ein artig skue. To båtar er hyra inn til formålet, Hjelmkånå og Fjordamerra. Dei blir rodd av 14 personar kvar, og det er alt no klar at Surnadalsrussen skal bemanne den eine båten i eit av hita. Vil du være med og rå så er det høve til å melde seg på til Ninni Innvik på telefon 975 33 942. Det blir to hit og distassen som blir rodd er frå Svinvika til Rakanesset og tilbake.

 

 

Først publisert: 29. august 2018, 11:00 - Sist oppdatert: 28. august 2018, 23:13