Torsdag kveld har det vore premiere for fullsett sal i kulturhuset, der russerevyen «På rætt plass te rætt ti» hadde den første av 3 forestillingar. Surnadalsrussen 2019 fikk mykje velfortent skryt for revyoppsettinga, der dei viste eit godt og variert revyprogram for eit begeistra publikum. Det blir to forestillingar til – fredag 1. mars kl. 19.00 og laurdag 2. mars kl. 17.00. – Det er enno att billettar til begge forestillingane, og vi anbefaler å ta turen til kulturhuset på revy. Men dersom du vil sikre deg billett, så må du ikkje vente for lenge!
Det går faktisk an å bli mektig imponert over det Surnadalsrussen 2019 har klart å få til med denne revyen. – Den avslører at det veks «oppi-att» mykje nye og gode revykrefter, og det vart vist mykje flott song og dans, og mange artige revyinnslag som egentlig presenterte ein lun og god humor. – Vi kan trygt anbefale å ta turen til kulturhuset og trur det kjem til å bli 3 fulle hus denne gongen og!
Her kan du klikke deg vidare til billettbestilling på nettet!