Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal svømmehall – forsiktig gjenopning på kveldstid

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. februar 2021

På nettsidene til Surnadal kommune kan vi i dag lese at det blir ei forsiktig gjenopning av Surnadal svømmehall på tysdag- og torsdagskveldar, så da blir det mogleg å ta seg eit varmt bad i vinterkulda. Opningstida er 17:00 – 18:30 og 19:00 – 20:00 båe dagane. På grunn av smitteverntiltaka i samband med koronasituasjonen må ein bestille tid på førehand. 

I veke 8 (22.2. – 1.3.21) er svømmehallen stengt grunna planlagt vedlikehald. Elles tek kommunen atterhald om at svømmehallen kan bli stengt igjen på kort varsel, dersom koronasituasjonen i kommunen endrar seg, og som vil krevje strengare smitteverntiltak, enn dei som gjeld akkurat no. 

Kommunen understrekar at det er viktig at alle er ferdige og ute av bygget på sluttidspunktet. Dette på grunn av obligatorisk og nødvendig reinhald i svømmehallen. 

For timebestilling, ring 489 92 483 (måndag – fredag 13 – 15)

Fot ytterlegare informasjon kan du trykke på lenga: Reopning Surnadal svømmehall 

 

Publisert: 11. februar 2021, 15:06