Tiande september fyller Surnadal sparebank heile 175 år, og laurdag inviterte Surnadal sparebank til stor folkefest på Skei. Det vart ei knallbra og triveleg jubileumsfeiring med mykje folk, flott underhaldning og retteleg godver! Banksjef Allan Troelsen ønskte alle velkomne og syntest det var kjekt at så mange ville vere med på bursdagsfeiringa. Han kunne fortelje at utgangspunktet for banken var dei fire kornmagasina i dalføret, der vart det frå 1824 samla korn til lagring i gode år til å nytte når det var dårlege kornår. I 1842 vart kornet seld, og salssummen vart startkapitalen for banken. Banken følgjer tradisjonen frå kornmagasintida og vil hjelpe kundane sine til å spare pengar i gode år for å ha i beredskap til mindre gode år. Banken har no 15 000 kundar, og målet for banken er framleis å vere ein sjølvstendig, sterk og lokal sparebank. «Vi skal vera forankra i fortida, men på nett med framtida», fastslo banksjefen. Og vil ein lese meir om historia til banken, kan ein gå i banken for å få jubileumsboka: «Bankboka, Surnadal sparebank 1842 – 2017.»
Todalen sanitetsforening vart «Surnadalsmester i bakels og graut» !
Tradisjonar er viktig for Surnadal sparebank, og derfor inviterte dei til kåring av «Surnadalsmester i bakels og graut» da dette er ein rett «som i mange generasjonar har vore servert til dugurd, slåttamat, barnedåp, konfirmasjon, bryllaup og kaffeslabbers». Ti lag og foreiningar deltok i mesterskapet: Todalen historielag, Surnadal bygdekvinnelag, koret VOX, Kvanne grendelag, Surnadal sanitetsforening, Øvre Surnadal sanitetsforening, Todalen sanitetsforening, Halsa bygdekvinnelag, IL Søya og Surnadal Røde Kors hjelpekorps. Jurymedlemer var Frode Alnæs, Britt Grete Moen og Erlend Lund. Kriteria for vurdering av grauten var utsjånad, konsistens, lukt og aroma, smaksoppleving og kombinasjonen graut/bakels. Juryen var samde om at konkurransen var svært jamn, dei hadde smaka på berre velsmakande graut og gode bakels. Men Todalen sanitetsforening vart vinnaren! Premien var 3000kroner, og viss sanitetsforeninga vil, kan dei få med oppskrifta si i den neste kokeboka til Britt G. Moen. Vi gratulerer!
Lag og organisasjonar på stand
Banken er glad for at det er eit rikt lags- og organisasjonsliv i regionen og som dei støttar med sponsing og tilskott. Desse var inviterte til å presentere seg med stand og aktivitet på jubileumsplassen. Her var det mykje interessant å sjå og prøve, ein kunne mellom anna teste golfferdigheit og smake på ulike produkt.
Servering og show
Til bursdag hører det med å servere både kake og pølse med brød. Bursdagskakene var mange, store og gode – og alt gjekk unna. Likeså var det servering av pølser med brød, saft og kaffe i store mengder. Her var det bursdag på ordentleg! I tillegg var det musikalsk show frå scena med lokale artistar som Batteri, Torstein Snekvik og Øyvind Weiseth.
Det store korslaget
For tredje gong arrangerte banken det store korslaget, og her stilte Frode Alnæs, Elisabeth Andreassen, Ulf Risnes, Dag Ingebrigtsen og Rasmus Rohde med kor som var samansett for anledninga, eitt kor til kvar artist. Artistane og kora imponerte – det var rett og lett kjempekjekt å vere publikum! I juryen som skulle kåre beste koret, sat Torbjørn Larsen, Tor Rune Halset, Kjersti Mahle Brøske og Øyvind Weiseth. Premien til beste kor var 15000 kroner som vinnaren skulle gi til eit godt føremål.
Gebursdagsfesten til Surnadal sparebank vart ei storslagen og triveleg folkefest!
Vi gler oss til 200-årsjubileet!