Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Senterparti har hatt årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 24. februar 2022

Tysdag 8. februar hadde Surnadal Senterparti årsmøte. Der tok Silje Beate Gulbrandsen Holten attval som leiar for to år til. I tillegg til vanlege årsmøtesaker, støttar årsmøtet i Surnadal Senterparti innbyggar-initiativet som er igangsett for å få på plass trafikksikkerheitstiltak mellom Raneskleiva og Røssmovegen. Denne saka kjem opp til behandling i kommunestyret på vårparten, og er eit synleg bevis på at innbyggar-initiativ kan vere vegen å gå for å få viktige saker sett opp på sakskartet. 

Styret i Surnadal Senterparti ser etter årsmøtet slik ut:

  • Leiar: Silje Beate Gulbrandsen Holten
  • Nestleiar: Bergsvein Brøske
  • Sekretær og kasserar: Gunda Bele
  • Styremedlem: Ståle Ansnes
  • Styremedlem: Jan Henrik Moen
  • Styremedlem: Heidi Nergård
  • Studieleiar: Einar Grønnes

 

  • 1. vara: Sondre Ormset
  • 2. vara: Nina Torvik
  • 3. vara: Hilde Nortiller

Lars Inge Kvande er gruppeleiar i Surnadal Senterparti si kommunestyregruppe, som i inneverande periode (2019 – 23) har 13 representantar, av totalt 27 i kommunestyret.  

«Surnadal Senterparti på facebook»

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 24. februar 2022, 12:06