Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Pensjonistlag si fjellgruppe startar på ny sesong

Jon Olav Ørsal Måndag 26. april 2021
Snart er det klart for ny tursesong for Surnadal Pensjonistlags fjellgruppe. 11. mai er det klart for første tur som går til Kvalnesvika. Vi møtest på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje for samkjøring, på utlyst tid. Bur nokon slik til at dette medfører stor omveg, møter dei opp på parkeringsplassen der  gåturen startar. Gåturen startar kl 1100 i alle høve.
 
Turane er av ulik lengde. Dei er spreidd slik at vi får sjå oss om i distriktet vårt.
Kvar tur blir kunngjort i Trollheimsporten og Todalen.no, og nedafor kan du studere terminlista som går ut juni månad.  
 
Turar før ferien 2021:
11.5.  Kvalnesvika. Parkering på Kallset.
18.5.  Strengen. Parkering på Vang.
25.5.  Åsbøsnyta. Parkering etter nærare avtale.
1.6.    Møkkelfjellet. Parkering på Fjærli.
8.6.    Fauskåvatnet. Parkering etter avtale.
15.6.  Svarrafjellet. Parkering etter avtale.
22.6.  Svarthammaren oppi Knyken. Parkering Honnstadkroken.
29.6.  Raufjellet. Parkering Resdalen. 
 
Vel møtt til nye, trivelege turar i godt lag!
Turguidar denne sesongen er i år som i fjor
Tor Asle, Brage og Kristian.
Publisert: 26. april 2021, 17:48