Onsdag 6. april tek Surnadal Pensjonistlag opp att tradisjonen og inviterer til «trivselkveld» på Thon Hotel Surnadal klokka 19:30. Oppmøte i restauranten. Hovedrett er indrefilet av storfe med potetpure og ovnsbakte grønnsaker toppet med friske bær. Etterpå blir det kaffe, før «trivselkvelden» flyttar over til Gladlaxen, der det blir musikk av Trond Larsens Trio.
Og no, treng ein ikkje lenger halde avstand på dansegolvet! Pris per person er kroner 300,- for medlemmer, og kroner 395,- for ikkjemedlemmer.
Påmelding til Grethe på telefon 908 54 752 eller Bitten på telefon 926 11 826, innan 29. mars.
– Ta med festhumøret og bli med på ein triveleg kveld!, oppfordrar Kristian Ranes i Surnadal pensjonistlag.
Medlem i Todalen.no –