Onsdag 28. august klokka 1500 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte i Frivilligsentralen sine lokaler på Skei.
Tor Holten held kåseri, som han har kalla «Tankar omkring sørsamane i Trollheimen og Finn-Torkjel»
Magnus Bævre orienterer om Eldredagen. Det blir også orientering om Surnadal Pensjonistlag sitt 50 års jubileum og rapport frå helsekontaktane sitt seminar.
Elles blir det som vanlig song, mat, loddsal, og trivelig sosialt samvær, heiter det i invitasjonen!
Surnadal Pensjonistlag ønsker vel møtt!