Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Pensjonistlag inviterer til «julemiddag»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. november 2023
Onsdag 6. desember klokka 13:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til julemiddag på Folkehøgskulen i Surnadal. – Kom og bli med på den tradisjonelle «julemiddagen» til Pensjonistlaget!, oppfordrar Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag. 
 
Ordføraren kjem og held tale. Han også dele ut «eldrearbeidsprisen 2023».
 
 Det blir også allsong, der ein syng dei kjente og kjære julesongane, og ikkje minst, god tid til sosialt og hyggeleg samvær. 
 
«Julemiddagen» kostar kroner 300,- for medlemmer, og kroner 375,- for ikkje-medlemmer. 
 
Påmelding til Ragnhild på telefon 934 22 961 eller Bitten på telefon  
926 11 826. Påmeldingsfristen er 30. november.
 
Surnadal Pensjonistlag ønsker vel møtt til «julemiddag»!
 

Medlem i Todalen.no –


Først publisert: 15. november 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 14. november 2023, 22:11