Onsdag 6. desember klokka 13:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til julemiddag på Folkehøgskulen i Surnadal. – Kom og bli med på den tradisjonelle «julemiddagen» til Pensjonistlaget!, oppfordrar Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag.
Ordføraren kjem og held tale. Han også dele ut «eldrearbeidsprisen 2023».
Det blir også allsong, der ein syng dei kjente og kjære julesongane, og ikkje minst, god tid til sosialt og hyggeleg samvær.
«Julemiddagen» kostar kroner 300,- for medlemmer, og kroner 375,- for ikkje-medlemmer.
Påmelding til Ragnhild på telefon 934 22 961 eller Bitten på telefon
926 11 826. Påmeldingsfristen er 30. november.
Surnadal Pensjonistlag ønsker vel møtt til «julemiddag»!