Surnadal Kunstforening er ein del av arrangeentet «Surnadal Open», som er et samarbeid mellom fleire visningsstadar, kunstnarar og organisasjonar. «Surnadal Open» er i år, som i fjor, ein del av Midtsommar i Surnadal.
Surnadal Kunstforening inviterer til «POP-UP» utstilling, eller for å seie det på godt norsk! dei «poppar opp» med ei frisk midtsommarutstilling med seks lokale utøvare i Kallastuå laurdag og søndag, og dei inviterer barn og unge til ein spanande og kreativ aktivitet på Kavlvegen søndag, saman med Aure-kunstnar Ane Vik Eines. Dette er dei to arrangementa som kunstforeninga har ansvaret for under årets utgåve av «Surnadal Open».
I tillegg er det kunstnariske arrangement hos Siri Skjerve i Todalen, på Surnadal Billag og på kulturhuset. Så her er det mange høve til å lage seg ei spanande kunstløype i løpet av helga!
«POP-UP» i Kallastuå
Laurdag 21. juni klokka 15:00 opnar kunstforeninga sommerlege «POP-UP» med seks lokale utstillarar i andre etasjen i Kallastuå. Dette blir ei variert og spanande utstilling, og kunstforeninga veit ikkje kva som poppar opp når utstillarane samlar seg for å sette saman ei felles sommerutstilling.
Utstillinga er opa laurdag 21. juni klokka 15:00 – 16:30 og på søndag 22. juni klokka 13:00 – 17:00.
I første etasjen er det aktivitar i regi av styret i Kallastuå.
Spanande og kreative aktivitar for barn og unge med Ane Vik Eines på Kavlvegen søndag
Ta med ungene på ein spanande søndagstur på kulturstien Kavlvegen på Eidet i Surnadal søndag 22. juni kokka 11:00 – 18:00! Da vil Aure-kunstnaren Ane Vik Eines legge til rette for kreative aktivitetar ved kvilebua ved Lomtjønna.
Her får dei unge kombinere friluftsliv med veving og utfolde seg kunstnarisk, og turdagen blir ekstra spanande! Workshopen vil vere inspirert av Ane sine arbeid, som fokuserer på natur- og gjenbruksmateriale. Sjå www.anevikeines.no
Det er inga påmelding, så her er det berre å møte opp!
Surnadal Kunstforening – Surnadal Open 2025