Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal open – «kunstnatt» fredag kveld 21. juni

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. juni 2024

Surnadal kunstforening inviterer til «kunstnatt» fredag 21. juni frå klokka 19:00. Det heile tek til med todalingane Toril Redalen og Siri Skjerve i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Toril og Siri vil her fortelje om og vise bilete frå
samarbeidsprosjektet «Line Made by Walking».

Klokka 20:00 går det buss frå Surnadal kulturhus til Kallastuå. Her vil Brit Dyrnes og Mira Dyrnes Askelund fortelje om sin kunst. Mor og dotter har sterke band til Stangvik og er for første gong i Kallastuå. 

Klokka 21:15 går bussen frå Kallastuå og ned til Surnadal Billag på Surnadalsøra. Her er det gruppeutstilling med
Māris Čačka, Beate Gjersvold og Jon Arne Mogstad. 

Klokka 22:30 går bussen oppatt til Frivilligsentralen på Skei. Her arrangerer Surnadal kunstforening «POP-UP»-utstilling og sel ein matbit på Frivilligsentralen. Dette blir avslutninga på «kunstnatta»

«Kunstnatt» plakat

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 13. juni 2024, 15:54