Surnadal Open er i full gang med fleire arrangement gjennom heile dagen. «Kunstbussen» starta først til Stangvik, og fortsette til Todalen og besøk hos Odd Ingar Skrøvset som har fritidsbustad og atelier på Råssåkastet i Sissigrenda. Her vart det faktisk fullt hus, men Odd Ingar tok oss med på ein interessant presentasjon av sitt liv og virke, og spesielt ei kjapp innføring i kva grafikk er for noko.

Odd Ingar Skrøvset har fritidsbustad i Sissigrenda, der han har sitt atelier. No er snart eplene mogne på veggtreet på hytta. Foto Jon Olav Ørsal
Odd Ingar har heile livet vore interessert i kunst, og det er kanskje ikkje så rart når ein tenkjer at tante hans er Kalla Skrøvset. Han fortalte om livet sitt som kunstnar, at han slutta yrkeskarrieren sin litt tidleg for å ta kunstutdanning i godt vaksen alder – søkte seg da inn på Hans kristian Dahls kunstskule, der han også fikk atelierplass. I dag samla han rundt 30 personar heime på Råssåkastet i sitt atelier.
Tema for dagens foredrag var grafikk – ei generell innføring i denne kunstformen og ei forklaring av dei forskjellige teknikkane ein brukar for å laget grafiskk. I tur og orden ga han oss ei go forklaring på kva som er spesielt for dei forskjellige teknikkane – press, litopress, høgrtykkspress og lågtrykkspress. Det er grafikk som er arbeidsformen som han brukar mest i sitt virke som kunstnar, og som han har lært seg å utføre. Sia har han sjølv trykt sine produsjonar.

Odd Ingard fortalte om dei forskjellige prosessane i grafikkens verden til lydhøre tilhørarar. Foto Jon Olav Ørsal
Surnadal Open fortsett vidare, men endar til slutt opp på Surnadalsøra der Odd Ingar har utstilling kalla «Mitt Nordmøre» på Surnadal Billag i 2. etasje, medan Surnadal kunstforening har «Pop UP utstilling» 1.etg – begge opnar laurdag kveld kl 18:30.