Som for så mange andre, blir òg Surnadal Kunstforening si verksemd råka av Koronasituasjonen. Med bakgrunn i dette har kunstforeninga starta eit digitalt lotteri dei har kalla «Haustlys-LOTTERI 2020». Det er mogleg å kjøpe lodd via Vipps fram til 31.desember. Trekninga skjer i løpet av veke 1 i 2021.
Det er fire kunstverk som blir lodda ut i år. Tre av dei er laga av medlemmer i kunstforeninga, medan det fjerde er laga av ei som stilte ut på «Haustlys 2019».
Kvart lodd kostar kr. 50,-. Vipps til 562243 (Surnadal Kunstforening). Hugs å skrive loddsalg og namnet ditt når du vippsar. Vinnarane blir kontakta umiddelbart etter at trekninga er gjennomført. Siste frist for å kjøpe lodd er 31.desember 2020.
Ved å trykke på lenka «Haustlys-LOTTERI» kan du sjå kunstforeninga sin eigen plakat.
Gevinstane kan du sjå nedafor: