Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kommune – søknad om tilskot og leige av hall, svømmehall og gymsal

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 17. april 2022

Surnadal kommune, ved kulturavdelinga, informerer om at det no snart er tid for å søke om leige av idrettsrom, kulturmidlar og Kleivafondet. Søknadsfrist er den 30. april for både leige av idrettsrom og dei ulike kulturmiddelordningane. 

Leige av gymsalar, hall og svømmehall for det skuleåret for skuleåret 2022/23 har søknadsfrist 30. april. Søknad skal sendast elektronisk via: Leige av, hall og svømmehall   

Same frist gjeld for lag og forsamlingshus som skal søkje om kulturmidlar, oppstartingstilskot og utbetring av ball- og leikeplassar, og må gjerast elektronisk ved å velge tilskotsordning under: Surnadal kommune – tilskotsordningar

Meir informasjon finn du på: Surnadal kommune – tilskotsordningar

Kleivafondet:

Kleivafondet skal gå til støtte til enkeltståande tiltak som skal «fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke stjerneidrett og fotball». Ein kan ikkje søkje om støtte til vanlege driftstiltak. Søknad via: post@surnadal.kommune.no

Kleivaprisen

Skriftleg, grunngjeve framlegg på kandidat på Kleivaprisen og søknad på Kleivafondet skal sendast til post@surnadal.kommune.no eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal – og da innan 30. april.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 17. april 2022, 15:00