I si vekentlege oppdatering av smittesituasjonen i Surnadal kommune, kjem kommuneoverlege Bjørn Buan, også med ei oppdatering på eit pågåande smitteutbrot ved Surnadal sjukeheim. Utbrotet ved sjukeheimen gjeld både for bebuarar og tilsette.
Kommuneoverlegen seier dette om smittesituasjonen i Surnadal kommune: – Smittetrykket i kommunen har i fleire veker vore høgt. I helga informerte Surnadal sjukeheim om smitteutbrot hos pasientar og tilsette. Måndag 21. februar er det til no påvist smitte hos 9 pasientar og 16 tilsette ved Surnadal sjukeheim.
Sjukeheimen presierer at det ikkje er stengd for besøkande.
– Det er innført forsterka smittevernrutiner, mellom anna er det innført munnbindpåbod, og dørene er i ein periode stengde, men blir opna når nokon kjem på besøk.
– Pårørande til smitta pasientar er kontakta av sjukeheimen.
– Utover smitteutbrotet ved sjukeheimen, er det framleis få registrerte smittetilfelle over 60 år i kommunen. Smitten aukar no mest hos barnehagebarn og deira foreldre, medan smitten i aldersgruppa 12 – 18 år er stabil. Skulane har vinterferieveke, og enkelte oppveksteiningar vil snart ha passert bølgetoppen medan andre vil få sin etter vinterferien. Smitten går litt i bolkar frå eining til eining.
– Antal personar som melder kommunen om positiv hurtigtest varierar mellom 20 – 50 dagleg. At folk er flinke til å registrere positiv hurtigtest på heimesida til kommunen er til stor hjelp når vi skal berekne doseintervall for koronavaksinering etter gjennomgått infeksjon. Talgrunnlaget gir oss også viktig kunnskap om korleis smitten utviklar seg i ulike aldersgrupper i kommunen under ei smittebølge utan nasjonale tiltak. Dette kan vi dra nyttig lærdom av ved eventuelle framtidige smittebølger.