Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kommune – oppdatering om uvêret Gyda

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. januar 2022

Uvêret Gyda har ført til flom i Surnadal og Fv 65 er stengt fleire stadar oppover mot Orkland, både i Surnadal og Rindal. Elva Surna har gått over sine bredder og skapt flom. Mellom anna er det ein stor redningsaksjon for å berge flerie hundre sauer som står i far for å drukne. Elevane ved skulane i Surnadal kommune vart ved 13-tida sendt heim, og det er i ettermiddag bestemt at både Stangvik skule på Evenshaugen og ungdomsskulen i Surnadal skal ha heimeskule i morgon. NVE melder at dei forventar at flaumtoppen blir nådd i kveld eller i morgon tidleg. 

Surnadal kommune har no i ettermiddag sendt ut pressemelding med statusoppdatering for situasjonen i kommunen. Den kan du lese nedanfor:

– Surnadal kommune har beredskapen på plass og arbeider kontinuerleg for å sikre liv og helse gjennom ekstremveret. Fleire vegar er no stengde og fleire kan det bli.  

NVE seier at vassføringa vil fortsette å stige og det er forventa at toppen kan nås seint torsdag eller tidleg fredag morgon.  Dette avheng både av nedbør og temperaturutvikling.

Skular og barnehagar

Skulane har sendt heim elevane tidleg torsdag. SFO-tilbodet går som planlagt torsdag med ny vurdering for fredagen. Sommarrotunet aktivitetshus vart også stengt i dag, torsdag. Grunna fare for fleire stengte vegar, også i morgon, vil det i løpet av dagen bli gjort ei ny vurdering for skular og barnehagar for fredag 14. januar. Føresette blir varsla om endringar. 

Kontaktinformasjon for privatpersonar

Er du som privatperson bekymra for situasjonen din lokalt:

  • Kontakt politiet (112) dersom det er fare for liv og helse i akutte hendingar knytt til flaum, skred og dammar.
  • Kontakt kommunens vakttelefon (416 35 388) dersom du har bekymringar knytt til flaum, skred og dammar,
  • Kontakt Statens Vegvesen (175) dersom bekymringa gjeld veg, bru eller tunnel.
  • Kontakt ditt nettselskap om du opplever strømbrot
  • Ring legevakttelefon 116117 ved behov for lokal helsehjelp utanom kontortid (vi har lokal legevakt under ekstremveret)

Stengde vegar – for oversikt og nye oppdateringar, sjå vegvesen.no, heiter det i pressemeldinga frå Surnadal kommune. 

Gyda har også ført til at det i dag ikkje er mogleg å komme seg frå Surnadal til Trondheim, da både Fv 65 og E 39, via Heim og Vinjeøra er stengt fleira stadar. Dette gjer at bussrute 905 er innstilt, både langs E 39 og Fv 65. Om Fv 65 opnar att i morgon er enda uvisst, men E 39 ved Vinjeøra vil mest truleg vere stengt i morgon og kanskje i fleire dagar framover for reparasjonar, fortel Statens vegvesen. Fv 65 har og vore stengt ved Garberg, på grensa mellom Rindal og Orkland, men her er vegen no opna att. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 13. januar 2022, 15:49