I ei pressemelding, vi akkurat har motteke, får vi ei oppdatering på situasjonen i Surnadal kommune i samband med uvêret Gyda. NVE reknar med at flaumtoppen vil bli nådd i løpet av natta, men at rasfaren vil vere størst i morgon. Statens vegvesen reknar med at Fv 65, nordover mot Trondheim, vil kunne opnast i løpet av morgondagen, med dei oppfordrar til å følge med på vegvesen.no for oppdatert informasjon. Dei rundt 350 sauene som lenge stod i fare for å drukne, er no berga og flytta til andre fjøs. Alle skulane i kommunen vil i morgon ha heimeundervisning.
Kommunen seier dette i pressemeldinga si: – Fagfolk frå NVE, Statkraft og fylkeskommunen hadde i kveld ein gjennomgang saman med kriseleiinga i Surnadal kommune.
Alle er spente på når vassføringa minkar og stengde vegar grunna flaum er opne igjen. I følge NVE er det venta mindre nedbør og kaldare temperaturar i fjellet, slik at vassføringa vil avta i løpet av natta. I mindre vassdrag og elvar vil vassføringa synke når nedbøren minkar. I større elvar spår NVE at flaumtoppen kan komme i natt eller tidleg fredag.
I følge Statkraft kom det større vassmengder i Surna-vassdraget enn prognosene tilsa og dei kom kjappare. Situasjonen i ettermiddag var framleis noko uoversiktleg, men situasjonen er venta å stabilisere seg i natt.
Kl. 17.00 i ettermiddag var det i Surna registrert over 690 kubikkmeter i sekundet ved Skjermo. Kl. 18.00 vart det registrert omlag 677 kubikkmeter i sekundet på same målepunktet. Dette er ein liten nedgang i løpet av ein times tid.
Følg med på målingar av vassføring og vannstand på større og mindre vassdrag i kommunen på sildre.nve.no
Sjølv om flaumfaren går ned i løpet av natta, stig faren for jordskred. Jordskredfaren vil vere høgast fredag. Fleire vegar er venta å vere opne i løpet av fredag ettermiddag, medan ein ikkje kan utelukke at enkelte vegstrekningar kan bli utsette for jordskred.
Følg med på status over stengde vegar i distriktet på 175.no
Kriseleiinga har god oversikt over situasjonen og er i beredskap for å ivareta liv og helse, sjølv med utfordringar med stengde vegar.
Både politi og brann og redning melder om godt beredskapssamarbeid på tvers av geografiske ansvarsområde når elvane lagar sine eigne grenser.
Oppdatering for skule og barnehage
Alle barnehagar held ope som normalt, med unntak av Bæverfjord og Mo. Alle skuleelevar i kommunen har skuletilbod i morgon. Det blir heimeundervisning for alle med unntak av 1. – 4. trinn ved SUBUS. Skuleskyssen går tilnærma som normalt for dei elevane som skal møte på SUBUS.
Det blir SFO-tilbod og tilbod undervisning ved alle skular for barn av foreldre i samfunnskritiske funksjonar og sårbare barn. Desse kan møte på skulen etter avtale. Surnadal vidaregåande skule har også heimeundervisning i morgon. Barnehagane og skulane har sendt ut praktisk informasjon til heimane via melding i VISMA.
Kriseleiinga møtest på nytt i morgon tidleg.
Medlem i Todalen.no –