Surnadal kommune kom i dag med ny og oppdatert informasjon om vasskrisa som rammar stadig fleire både her i kommunen og mange andre plassar i landet. Surnadal kommune jobbar på spreng for å betre situasjonen, men så lenge berrfrosten held grepet er situasjonen ein omfattande vassmangel. I eit informasjonsskriv som du kan laste ned her, orienterer kommunen om status og tiltak som er sett i verk. Høgst prioritet har eldre og familiar med små born, i tillegg til gardsbruk med dyr.
Dei oppfordrar alle abonnentane om å bruka så lite vatn som mogleg, og oppfordrar folk til å hjelpe kvarandre og eventuelt ta kontakt med kommunen på vakttelefon som er 416 35 388. Du kan og finne oppdaterte opplysningar på kommunens nettside og på kommunens si offisielle facebook-side.