Krigen i Ukraina har ført til den største flyktningestraumen i Europa sidan andre verdskrig. Surnadal kommune er anmoda om å busette 100 ukrainske flyktningar. Vi veit ikkje nøyaktig når og kor mange som kjem hit, men vi må kunne ta i mot og gi nødvendig hjelp på kort varsel. Mange av dei som kjem hit vil vere mødre med barn, men også eldre og einslege mindreårige kan komme.
Informasjonsmøte med frivillige lag og organisasjonar 28. mars
Surnadal kommune ved ordførar inviterer frivillige lag og organisasjonar til eit informasjonsmøte om flyktningesituasjonen fra Ukraina, måndag 28. mars kl. 19:00 til kl. 21:00 i Svorkasalen på Surnadal Kulturhus. Av praktiske omsyn ber vi om at de stiller med inntil to representantar kvar.
Vil du hjelpe som frivillig?
Vi vil gjerne få ei oversikt over frivillige hjelparar som kan bistå flyktningane med stort og smått i ein ny og uvant kvardag. Meld deg ved å fylle ut skjemaet på lenken under. Det er også muleg å melde seg som frivillig ved å ringe kommunens sentralbord: 71 65 58 00 (kl. 9 – 15)
Eksempel på oppgåver det kan vere aktuelt å hjelpe til med:
- fadder/støtteperson
- praktisk hjelp
- språkhjelp
- hjelp til å bli kjent i lokalsamfunnet
Har du utleigebustad til ukrainske flyktningar?
Framover kan det bli eit stort behov for bustader og kommunen ønskjer difor å kartlegge utleigebustader i privat eige. Vi ber alle som har husrom å tilby om å registrere seg og bustaden sin under. Vi kontaktar alle for vidare dialog så fort vi kan.
Meir informasjon frå nasjonale myndigheiter
- Det er viktig for flyktningane sine rettar at dei tek kontakt med politiet for å bli registrert etter ankomst til Norge. Sjå informasjon frå politiet.
- For informasjon om busetting av flyktningar frå Ukraina, sjå IMDi (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) og UDI (Utlendingsdirektoratet.
- Meir om kommunen sitt arbeid med flyktningar og integrering
- For ofte stilte spørsmål og svar om angrepet på Ukraina og korleis Norge handterar dette, sjå regjeringen.no
- For råd om korleis snakke med barn og unge om krig og frykt, sjå Udir sine nettsider