Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kino tilbake etter «teknisk knock-out»!

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. juni 2024

Surnadal Kino har vore utsett for ein «teknisk knock-out» i eit par veker, men er no hardtslåande tilbake frå og med onsdag 19. juni. Dei to filmane som blir vist komande veke er Innsiden ut 2 og Bad Boys – Ride or die

INNSIDEN UT 2

Innsiden ut 2. Foto: 2023 Disney/Pixar

I Innsiden ut 2, som har 6-års-grense, møter vi Riley, tenåring med (for ho) overraskande mange kjensler inni hovudet – og nokre av dei er heilt skremmande nye. Disney/Pixar fekk velfortent Oscar for den første filmen om Riley, og NRK meiner film nr. 2 er «en nesten like vellykket blanding av humor, alvor og eventyr». Og «det viktigste av alt, er at den gjør det samme som de beste Pixar-filmene, nemlig å fortelle en historie som fungerer like godt for barn og voksne på ulike premisser» Filmen fekk 5 på terningen.

BAD BOYS – RIDE OR DIE

Bad Boys. Foto: Frank Masi/SF Studios

I serien om Bad boys har Wilf Smith og Martin Lawrence no kome til film nr. 4 – Ride or die. Det er faktisk 29 år sia førstefilmen kom, så radarparet har ikkje vore for tettgangande på besøk. Oppskrifta er den same og ingrediensane er ein dæsj action og ein like fyldig dæsj komedie. NRK oppsummerer med at det gler eit actionhjarte at Bad Boys – Ride or die  «virkeleg innfrir med store mengder overdreven action med smell, trøkk og tyngde som sikrer en solid popkorn-faktor». Filmen fekk 4 på terningen.

Kino- og kulturprogrammet finn du på surnadal-kulturhus.no

Publisert: 18. juni 2024, 16:38