Det løner seg å vere senior heilt til påske! Surnadal kino tilbyr sine honorære kinogjengarar «eit tilbod dei ikkje kan seie nei til» i dei komande vekene. Det blir vist dagkino to gonger i veka fram til påske med eigen honnørrabatt – for dei som fortener slikt. Andre er sjølvsagt også velkomne til å sjå film på dagtid.
Her er det kvalitetsfilm på kvalitetsfilm, som:
MORD PÅ NILEN
Filmatiseringa av Agatha Christies MORD PÅ NILEN (22. og 24. februar). Ein «lekker og velgjort krimfilm», etter kva NRK skriv, med Kenneth Branagh som meisterdetektiven Hercule Poirot.
Lady Diana (Spencer)
Veka etter kjem SPENCER, filmen om Lady Diana (Spencer) og prins Charles – og kva som skjedde da ekteskapet gjekk i oppløysing. Vi held oss til NRK igjen, og dei oppsummerer med at «SPENCER er et nydelig filmet og fantastisk spilt drama» og meiner Kristen Stewart, i rolla som Lady Diana, gjer ein rolleprestasjon verdt den oscarprisen ho er nominert til.
Margrete den første
8. og 10. mars møter vi nok ei kvinne som har sett spor etter seg i historia: MARGRETE DEN FØRSTE var dronninga som klarte kunststykket å samle dei tre nordiske landa Noreg, Sverige og Danmark, og var eit forkjempar for kvinners rettar – kort sagt: ein av dei mest markante historiske personane i og frå Norden.
TROND GISKE – MAKTA RÅR
Etter filmar om kongelege, og deira fall, kjem dokumentaren om kronprinsen i Arbeidarpartiet: TROND GISKE – MAKTA RÅR.
KAMPEN OM NARVIK
Storfilmen KAMPEN OM NARVIK kjem endeleg 21. og 22. mars. Filmen skildrar, som kjent, Hitlers første tap på slagmarka i 2. verdskrigen.
ALLE HATER JOHAN
Veka etterpå må vi berre slå fast at ALLE HATER JOHAN. Hallvar Witzø sin film har også vore utsett, men da mest grunna deltaking på fleire filmfestivalar. Witzø har ei viss tilknyting til Surnadal, da han var assistentlærar på folkehøgskulen for nokre år sia. Han var den første norske regissøren som både har vore nominert til Oscar-pris og palmepris i Cannes – for to av sine kortfilmar. ALLE HATER JOHAN er langfilmdebuten til Witzø, og manuset er skrive av Erlend Loe.
I den siste veka før palmehelga, vil både KAMPEN OM NARVIK og ALLE HATER JOHAN bli vist ein dag kvar.
Desse filmane vil sjølvsagt også gå til vanlege tider på kveldstid, og vi må ta atterhald om at ingen av filmane blir sett ut i tid. Nettsidene til kinoen vil difor bli oppdaterte fortløpande, etter kvart som bestillingane er klargjorte.
Seniorkinotilbodet er gjort i samarbeid med «Den kulturelle spaserstokken» – ei tilskottsordning frå Møre og Romsdal fylke.