Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kino – full fart i påska

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. april 2023

Påska er meir enn Kvikk Lunsj og Solo, sjølv om du får kjøpt det i kiosken på Surnadal kino! Kinoen viser to filmar kvar dag frå palmesøndag til onsdag før påske skjertorsdag. Alle er rimeleg energiske, men rett over påske kjem det ein film du kan roe deg ned med!

Filmane som går måndag til onsdag i den «stille veka» blir vist på dagtid, så merk deg tidspunkta.

«Super Mario Bros»

Onsdag er Norgespremie på filmen «Super Mario Bros». Dei to ikoniske rørleggar-brørne, som kjent frå Nintendo-spela, skal da på eventyr gjennom Soppriket. 

Kjøp billetter


«Agent Max»

«Agent Max» er ein barnefilm som handlar om den eigenrådige byharen Max som går på Påskeakademiet – og håpar å bli sjølvaste meisterharen. «En søt film om hvordan samhold og vennskap seirer over det onde», skriv Kinomagasinet, gir den fem på terningen og skriv at den nok passar best for dei minste barna.

Kjøp billetter


«Dungeons & Dragons Honor Among Thieves»

«Dungeons & Dragons Honor Among Thieves» er ein film basert på det snart femti år gamle spelet, blir vist søndag og måndag. «Jøss. Så gøy!», skreiv VG i forkant av premiera denne helga: «Det beste Hollywood-eventyret på aldri så lenge:»

«John Wick» er ein action film og er fjerde kapittelet i soga. Filmen er lang, men «umerkeleg» lang – og opplagt noko ein må få med seg for dei som likar hardtslåande filmar. Så dette er nok påskas action-kick på kinoen!

Kjøp billetter


«De åtte fjellene»

«De åtte fjellene» er en film som bør treffe fjellvante og introverte nordmenn som er sascinert av eit stillare liv i stor natur.

– De åtte fjellene» handlar om vennskapet mellom to menn over fleire tiår, og dette, kombinert med naturbilder så vakre at de kan ta pusten fra deg, gjør «De åtte fjellene» til en dyp, emosjonell og smellvakker utforsking av meningen med livet, veivalgene vi tar og hva vi kan bety for hverandre, sa NRK.

Kjøp billett

Publisert: 1. april 2023, 10:00