Det fine «kinovêret» held fram, så Surnadal kino har sett opp enno meir film enn planlagt (og annonsert). Mest for dei yngre; det skal seiast. Men Surnadal kino har opplevd godt besøk, og vel difor å sette opp nokre ekstra kinoframsyningar, medan vi alle venter på godvêret.
Fredag 15. juli klokka 13:00 og tysdag 19. juli klokka 18:00 blir «MINIONS – HISTORIEN OM GRU» vist på kinoen.
Elles vil Buzz Lightyear, romspeidaren kjent frå «Toy Story», også suse innom torsdag 14. juli klokka 13:00 og klokka 18:00, fredag 15. juli klokka 18:00 og søndag 17. juli klokka 18:00. I «LIGHTYEAR» får han selskap av robotvenen Sox, og andre rom-arbeidarar i dette animerte science-fiction-eventyret.
Thor slår sine siste slag på Surnadal kino fredag 15. juli klokka 20:00 samt søndag 17. juli klokka 20:00. I Marvel-filmen «THOR: LOVE AND THUNDER» blir han utfordra av Gorr The God Butcher (Christian Bale) som gjerne vil slakte ned det han kjem over av gudar. Ver merksam på at filmen ikkje høver for dei som er lyssensitive (sekvensar med blinkande lys).
Georgia Nolan har berre ønska seg ein ting: å bli brannmann, og det er ikkje mogleg for kvinner i New York i 1932. I «ILDSJEL» kler ho seg ut som «Joe» for å kunne få arbeide med det ho helst vil. Dette verka så spennande at kinoen har sett opp ei «ekstraframsyning» av «Ildsjel» søndag 17. juli klokka 16:00 (merk tida).
Sjølv om kinoen har feriestengt frå komande veke, er det ikkje full stopp! Det vil bli vist ein barnefilm (og da mest truleg «Ildsjel») klokka 18:00 kvar tysdag og torsdag framover.