Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal JFF med aktiv start på hausten

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. august 2022

Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) si «Jentehelg» er årets nykommar på aktivitetsfronten, og blir arrangert helga 26. – 28. august. Kvinneutvalget i Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) håper da på stor oppslutning! Det vil vere mogleg å delta heile helga, eller berre på turen til Vaulen, som er frå laurdag til søndag.

Fredagskvelden inviterer dei til skytekveld på Angråmyra i samarbeid med Surnadal skytterlag og leiar Hanne Waag. Da blir det mogleg å få prøve både hagle og rifle.

Meri om NJFF Jentehelg 2022 – Surnadal JFF

SJFF arrangerer også Fiskesommer på Nordvik – Surnadal JFF (njff.no) og Aktivitetsdag i sentrum – Lavterskelaktivitet – Surnadal JFF (njff.no)

Så hausten startar med mange aktivitetstilbod frå SJFF, så har du lyst til å vere med på noko av det dei kan tilby, så er det berre å melde seg på. Alle arrangementa til SJFF er opne for alle!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 8. august 2022, 12:10 - Sist oppdatert: 10. august 2022, 10:25