Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) kallar inn til årsmøte måndag 24. februar klokka 19:30 i kinosalen på Surnadal kulturhus. Vanlege årsmøtesaker. I tillegg blir det oppfølging av sak om vedtektsendringar og kontingentsatsar vedtekne av landsmøtet i Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) i 2021.
Frist for å melde inn saker til behandling på årsmøtet er sett til 11. februar og må sendast skriftleg til: turid.saettem@hotmail.com.
Det blir servering.
SJFF tek atterhald om eventuelle endringar i dei gjeldande smittevernreglane.
SJFF ønsker vel møtt til årsmøte!
Fullstendig innkalling kan du lese her: Årsmøte SJFF 24022022
Medlem i Todalen.no –