Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal JFF arrangerer jegerprøvekurs

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. mai 2023

Også i år arrangerer Surnadal JFF jegerprøvekurs. I år går kurset over to helger i Surnadal JFF sitt klubbhus, Nordsida 198 på Tellesbø. Jegerprøvekurset går helgene 2. – 4. juni og 9. – 11. juni.

Jegerprøvekurset kostar kroner 2.000,- for medlemmer i Surnadal JFF og kroner 2.500,- for dei som ikkje er medlem.  

Påmeldingsfristen er 1. juni.

Kontaktperson er Turid Sættem Eggen på telefon 975 42 287 eller e-post: surnadal@njff.no

Du kan ta jegerprøven frå og med det året du fyller 14 år.

Kursavgift inkluderer læremateriell, leie av våpen og ammunisjon på skytedag.

Samling 1, 2, 3 og 4 har obligatorisk oppmøte. Deltakarane kan ha fråvær frå undervisningen på inntil 2 samlingar, men berre frå samling 5, 6, 7, 8 eller 9. Ved fråvær skal deltakarane gjennomføre e-læring og levere dokumentasjon for bestått test for denne samlinga.

Informasjon om jegerprøven finner du her: Informasjon om jegerprøven

Du kan laste ned appen «jegerprøveeksamen», for oppmelding som kandidat. Når du har gjort det og fått eit jegernummer, sender du e-post til surnadal@njff.no med navn og telefonnummer samt jegernummeret du har fått tildelt. Når Surnadal JFF har motteke e-posten med jegernummer blir du lagt til i kurset hos dei.

Om du ikkje er medlem av NJFF, men ønsker å melde deg inn for å ta del i dei mange medlemsfordelane som finnst, er det berre å ta kontakt med Turid Sættem Eggen i Surnadal JFF.

Medlemskap i ei lokal foreining av NJFF gir deg god rabatt på sjølve jegerprøven, men NJFF har også mange andre medlemsfordelar. Dei kan du leise meir om på Dine medlemsfordeler

Meir om Surnadla JFF sine aktivitetar framover finn du her Aktivitetskalender Surnadal JFF

Surnadal JFF ønsker velkommen på jegerprøvekurs!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 4. mai 2023, 13:18