Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Jeger- og Fiskerforening inviterer til førstehjelpskurs

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. september 2024

Tysdag 1. oktober klokka 18:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til førstehjelpskurs i klubbhuset sitt på Nordsida. Eksakt adresse er Nordsida 198. Her får ein lære litt om hva det er lurt å ha med i sekken på tur, korleis ein skal du bruke førstehjelpsutstyret og  kva ein skal gjøre om uhellet er ute. 

Kva vil ein få lære på førstehjelpskurset denne kvelden?

  • Lære litt om grunnleggande førstehjelp
  • Kva gjør ein når det oppstår mindre skadar ute som til dømes kutt, fiskekrok i handa, fall, med meire
  • Viktig og naudsynt førstehjelpsutstyr i sekken, kva er et minimumsinnhald som alltid bør vere med

Foresatte er også velkomne til å delta på førstehjelpskurset denne kvelden!

Det er ingen påmeldingsfrist for kurset, så det er berre å møte opp i klubbhuset. 

SJFF førstehjelpskurs tysdag 1. oktober

Publisert: 19. september 2024, 12:33