Det såg lenge ut til at fjorårets andeløp i regi av av Laksefestivalen vart det siste. Lotteritilsynet nekta nemleg å godkjenne Norsk Laksefestival som lotteriarrangør, da dei ikkje driv heilårsverksemd. På ein pressekonferanse i går vart det imidlertid klart at det populære andeløpet vil fortsette, men at Surnadal Jeger- og Fiskeforening tek over – og vidarefører arrangementet, fortel Ragnar Halle i SJFF.
Det store andeløpet vil altså «same lest» som tidlegare, men altså SJJF som arrangør, og at overskotet skal øremerkast til tiltak som heile kommunen kan ha nytte av. les meir om pressekonferansen og årets andeløp på Driva.no.
No startar andelsalet for fullt, og jo fleire ender som selges, jo større blir premiepotta som utgjør 25% av omsetninga. Overskotet som skal kome folket til gode vil også være påvirka av omsetninga og overskotet i lotteriet, fortel Halle.