No er det høgsesong for julemesser, og komande søndag (27.11) er det 1. søndag i advent og turen er komen for Surnadal Husflidslag. Dei arrangerer i år julemesse si i 2. etasje i Gammelsamvirkelaget på Skei. Tilsaman er det 37 utstillarar som setter kvarandere i stemne, og lagar julestemning i tidsrommet 12 til 18, fortel Torunn Nordvik i Surnadal Husflidslag til Todalen.no
Surnadal Husflidslag har lange tradisjonar for å arrangere julemesse, og det er kavart år imponerande å sjå kor mykje fin husflid som blir bydd fram på julemessene. Det er og viktig å få i omløp ein del av det som blir laga, slik at dei som driv med husflid kan kjøpe nye råvarer og frigjera lagerplass. Stikk innom Gammelsamvirkelager og sjå kor mykje fint dei har å by på!