Laurdag kan Surnadal hornmusikk endeleg få feira sitt 125-årsjubileum. Jubileet var i 2021, men på grunn av koronaen vart jubileumsfeiringa den gongen utsett. Laurdag 21. januar klokka 19:00 inviterer dei, saman med vener, til jubileumskonsert i Storstuå på Surnadal kulturhus klokka 19:00. Frode Alnæs er kveldens konferansier.
Surnadal hornmusikk har fått med seg kora Tordenskjold Songlag og Vox, samt korpset Blæstn på jubileumskonserten. Deltek gjer også Hedda Hansen Berg, Toril Moe, Anders Larsen og Frode Alnæs.
Det blir både samspel, solistinnslag og eit feiende flott felles avslutningsnummer, der korpsa, kora og solistaane opptrer saman.
Billetter til Surnadal hornmusikk, med vener, sin jubileumskonsert