Laurdag og søndag arrangerte Surnadal Golfklubb klubbmesterskap på Surnadal golfpark på Mo. Her gjekk Tove Hilstad Garte og Stian Kooyman til topps i kvar sin klasse. Det var totalt 28 deltakarar på helgas klubbmesterskap, som gjekk over 2 x 18 hol. Kooylman sette ny banerekord med 142 slag totalt på båe dagane. Garte spela heim sitt femtande klubbmesterskap.
Klubbmesterskapet gjekk under fine forhold med fint vêr og gode speleforhold båe dagane. Under klubbmesterskap er spelarane delt i fleire klassar basert på kjønn og alder. Dette gjer at, det i tillegg til klassevinnarane, var fleire som vart premierte under helgas klubbmesterskap.
Resultatlista frå klubbmesterskapet kan du sjå her: «Resultatliste klubbmesterskap – Surnadal Golfklubb»
For å lese meir om helgas klubbmesterskap med bilete, trykk på lenka: «Klubbmesterskap i Surnadal Golfklubb»