Laurdag 22. juni klokka 07:30 går startstkotet for Surnadal Golfklubb si fjerde utgåve av Surnadal Golf Maraton. Dette er ei parturnering over 3 x 18 hol, der dei spelar fourball, foursome og Texas scramble i dei tre rundane. Spelarane går rundt 25 – 30 kilometer i løpet av turneringa.
Nedteljinga på turneringa si eige heimeside surnadalgolfmaraton.no viser starten for turneringa nærmar seg med stormskritt. Det er Norske Filter AS som er turneringsponsor.
På årets startliste står mellom andre Norges Golfforbund sin president Øyvind Krag Ingul frå Byneset GK, handballstjernene Simen Lyse og Adrian Aalberg frå Kolstad Håndball (som nylig sikret seg Champions League-plass etter seier mot Elverum), golfpro Paul Blaikie og sonen Philip Sinclair Martinussen, og ikkje minst ekteparet Patrizia Ficai/Claudio Lucioli som kjem heilt frå Golf Club Valdichiana i Italia.
Surnadal Golf Maraton vart fullbooka med 60 spillere i løpet av nokre få minutt påmelding opna i Golfbox 1. november 2023 klokka 20.00! Og framleis er det lang venteliste!
Neste år er det 5-års jubileum, og arrangøren forventer minst like stor interesse for å kome seg inn på den eksklusive startlista da, så her gjelder det å følge med!
Tidligere års vinnarar:
2021: Ragnhild Snekvik/Heid Snekvik – Surnadal GK
2022: Marius Kvande/Tom Erik Kvande – Surnadal GK
2023: Irene Holm/Geir Straumsheim – Ålesund GK
Førstepremien er som alltid en eksklusiv golfreise for vinnarparet til Sand Valley i Polen. Alle spelarane får servert heilstekt gris som middag i den andre spelepausen. til alle spillerne i andre spillepause – og selvfølgelig en flott piqueskjorte som deltakergave til samtlige deltakere.
Rundt halvparten av spelarane er tilreisande og bor på Thon Hotel Surnadal eller Hammerstuene frå fredag til søndag. Det er sett opp to minibussar for å transportere deltakerne mellom overnattingsstadane og golfbanen, så her er ingenting overlatt til tilfeldigheitene, og trivsel er sett i høgsetet!