Laurdag 21. juni arrangerer Surnadal Golfklubb si unike 3 gonger 18 hulls parturnering for femte gong på Surnadal Golfpark på Mo ved Kvanne i Surnadal kommune. Turneringa har i løpet av desse åre klart å få mykje merksemd i heile golf-Norge, både for sjølve konkurransen – men ikkje minst for «innpakninga» av turneringa og den unike opplevinga som spelarane får ta del i.
Surnadal Golfklubb vil her spesielt løfte fram samarbeidet med sin
turneringssponsor Norske Filter AS, som er heilt avgjerande for at dei klarer å
få til dei gjer. Norske Filter AS har lagt inn både arbeidstimar og
økonomiske midlar for å utvikle turneringa saman med Surnadal
Golfklubb som arrangør.
På turneringa si heimeside surnadalgolfmaraton.no reklamerer golfklubben med at Surnadal Golf Maraton er «en unik golfturnering – som bare må oppleves». Og målsettinga er at spelarane skal oppleve nettopp dette – med trivsel og godt vertskap som det aller viktigaste fokuset.
Klubben har over 40 frivillige komitémedlemmer i aksjon i samband med Surnadal Golf Maraton, som sjølvsagt er klubben sitt klart største arrangement gjennom året. Surnadal Golf Maraton vart også denne gongen fullbooka i løpet av nokre få minutt (!) etter at det vart opna for påmelding 1. november i fjor.
Det stiller 60 golfarar frå 13 forskjelleege golfklubbar på startstreken når dei slår
første slaget klokka 07:30 laurdag den 21. juni.
Turneringa er forventa å vere ferdig rundt klokka 23:30, etter at spelarane har gått rundt 30.000 skritt og 25 km i løpet av dagen. Ein kraftprøve for dei fleste, både fysisk og mentalt, men alle spelarane har fullført i de fire forutgåande turneringane som klubben tidlegare har arrangert så langt.
I løpet av turneringsdagen serverer arrangørane fleire måltid til spelarane, mellom anna heilsteikt gris (!) frå Sylte Gardsslakteri som middag – som i seg sjølv stadfestar at Surnadal Golf Maraton er ei golfturnering litt utanom det vanlege!
Vinnarparet får eit 4-dagars golfopphald ved den flotte golfdestinasjonen Pirin Golf Resort i Bulgaria. I tillegg er det flotte premier for de 8 beste para på resultatlista.
På deltakarlista i Surnadal Golf Maraton 2025 finn ein golfspelarar på alle nivå, heilt frå ferske golfarar med relativt høgt handikap til spelarar med handikap og ferdigheitsnivå på nasjonalt toppnivå, samt både damer og herrar i «alle» aldrar. Turneringa har deltakarar frå Stjørdal GK, Byneset GK, Hitra Frøya GK, Klæbu GK, Ålesund GK, Stranda GK, Molde GK, Kristiansund og omegn GK, Tingvoll GK, Sunndal GK, Hauger GK, Kongsvingers GK – foruten en ganske stor tropp fra arrangørklubben Surnadal GK.
Turneringa har også denne gongen nokre litt meir kjente namn på deltakarlista, så her kan ein til dømes nemne namn som den tidlegare kombinertløparen Magnus Moan, dei to fotballbrørne Arild og Ole Erik Stavrum (som båe mellom hanna har spela for Molde FK) og tidlegare RBK-spelar Steffen Iversen.
De fleste av dei tilreisande spelarane bor på Thon Hotel Surnadal eller Hammerstuene frå fredag til søndag, og arrangørane sørger for å transportere spelarane til og frå golfbanen med minibuss. Bussen går allereie klokka 05:50 frå Hammerstuene laurdag morgon – så her må alle saman opp i «rett» tid for å vere klare til turneringa tek til.
Nytt av året i samband med turneringa sitt 5-årsjubileum, er at alle spelarane blir samla til eit felles arrangement kvelden før, der mellom anna alle spelarane blir presentert frå scena i spelarteltet ved klubbhuset til Surnadal Golfklubb. Der blir det ei blanding av informasjon, spelarpresentasjonar, spanande innlegg, utdeling av deltakargåver – og
ikkje minst sal av Stian Kooyman sine fantastiske bakte potet til slutt.