10.mars 2020 opna Surnadal Frivilligsentral dørene for første gong. I samband med 1-årsjubileet vil frivilligsentralen ha ope hus torsdagane 11., 18. og 25.mars, i tidsrommet 11:00 – 15:00. Janne Skei vil ha desse dagane fotoutstilling i lokala til Frivilligsentralen, og det vil bli sal av kaffe og kaker.
Frivilligsentralen har lokale i 1.etg i Møbel-Fiskebygget på Skei, med inngang frå Skeivegen.