Surnadal demensforening og helselag inviterer til dekorasjonskurs på Hageland Surnadal måndag 22. november klokka 18:00 – 21:00. Her blir det lagt opp til ein sosial kveld, samstundes som dekoratørane Toril Kvande og Malin Sveen vil vise korleis ein lagar julekransar og andre dekorasjonar.
Materiellet som blir nytta for å lage dekorasjonane, må kvar enkelt betale sjølv, men til gode prisar.
Hageland Surnadal held ope for kunsdeltakarane under heile kurset. Det blir servert kaffe med noko godt attåt.
Har du lyst til å vere med, så melder du deg på til Bente på telefon: 917 45 313 innan laurdag 20. november.
Arrangør er Surnadal demensforening og helselag.