Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal bibliotek utvidar opningstida

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. august 2022

I ei pressemelding frå Surnadal bibliotek, får vi opplyst at biblioteket på kulturhuset no utvidar opningstida, og at biblioteket no også vil vere ope på fredagane att. Det er også gjort endringar på opningstida på måndagar, ved at biblioteket no vil vere ope mellom klokka 14:00 – 18:00 på måndagane.  

Tysdag – fredag vil biblioteket vere ope i tidsrommet mellom klokka 11:00 – 15:00. 

Har du problem med å nytte deg av biblioteket i denne tida, bør du skaffe deg meirope tilgang (gjeld for alle over 18 år). Da kjem du deg inn mellom klokka 08:00 – 20:00 på dei fem kvardagane, forutan mellom klokka 11:00 – 15:00 på laurdagane og mellom klokka 13:00 – 20:00 på søndagane.

Det er berre å ta kontakt om du vil låne eller reservere ei bok og ikkje kjem deg til biblioteket i opningstida. Du kan også kontakte biblioteket via surnadal.kommune.no/bibliotekSurnadal bibliotek på Facebook, mobil/SMS 476 80 797 eller e-post biblioteket@surnadal.kommune.no. Du vil da få ei melding når bøkene er klare til henting og dei vil da ligge tilgjengeleg i 1. etasje.

Merk deg også at biblioteket har fleire digitale tilbod, både for e-bøker og lydbøker (appen BookBites) og film (filmbib og filmoteket). Du finn meir informasjon om dette på surnadal.kommune.no/bibliotek.

 

Publisert: 30. august 2022, 16:14