Saknar du å prate med andre om bøkene du les? Da kan du no bli med i Surnadal bibliotek sin «lesesirkel». Her kan du dele leseglede og leseopplevinga med andre. Ein les same bok, men kvar for seg — og samtalar om boka på «lesesirkel»-treffet, over ein kopp kaffe eller te.
«Lesesirkelen» blir arrangert tre gonger denne våren. Dato og tema for desse finn du nedanfor:
Torsdag 2. mars klokka 19:00:
Jeg dro ned til bror av Karin Smirnoff.
Torsdag 30. mars klokka 19:00:
På jorda er vi glimtvis vakre av Ocean Vuong.
Torsdag 4. mai klokka 19:00:
Pappa var nesten på Woodstock av Ane Barmen.
Biblioteket hjelper deg sjølvsagt med å få boka til deg! Ta difor kontakt med biblioteket i god tid før «lesesirkel»-treffet.
Påmelding til «lesesirkel»-treffa via e-post til: biblioteket@surnadal.kommune.no, på telefon: 476 80 797 eller via Surnadal bibliotek si Facebookside.
Surnadal bibliotek ønsker velkommen til «lesesirkel»!