Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal bibliotek held stengt

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. august 2025

Surnadal bibliotek informerer om at dei skal skifte biblioteksystem, og vil difor halde stengt frå og med fredag 15. august til måndag 8. september. Sommarles-premiar kan heller ikkje hentast i denne perioden, men fristen for å gjere dette er forlenga ut september. 

I det nye systemet er det ikkje mogleg å lagre lånehistorikk. Så vil ein ha utskrift av det som per i dag ligg lagra, må ein ta kontakt med biblioteket seinast torsdag 14. august, for å få ei utskrift av dette. 

Lån som eigentleg forfell i perioden vil automatisk bli forlenga. Meirope og fjernlån er heller ikkje tilgjengeleg i denne perioden. 

Publisert: 11. august 2025, 17:08