Torsdag kveld er kvelden alle skiientusiastar i Surnadal absolutt bør kjenne si besøkelsestid på Surnadal kulturhus. Då har primus motor Kristin Kårvatn klart å overtale kinosjef Pål Nordmann til å ta inn den store skifilmen Supervention.
Supervention er ein dokumentarfilm om moderne ski- og snowboardkjøring. Selskapet bak filmen har tidligare vunne ein rekke prisar innanfor sjangeren og ein møter fantastiske kjørarar som vanligvis ikkje er med på film, som Aksel Lund Svindal og Terje Håkonsen. Les heile filmanmeldinga her
For å gjera kvelden komplett, vil Kårvatn Fjellutstyr AS halde stand i foajeen på Kulturhuset, med mulegheiter for å sjå på vinterens nyheiter på skifronten. Ellers blir det og muligheiter for noko å bite i på Musters etterpå.
Sjekk ut den originale traileren her: Supervention official trailer og ikkje minst kjøp biletter her