Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SUPERSØNDAG på Søyabanen søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. juni 2022
Søndag 12. juni, altså i morgin, er det SUPERSØNDAG på Søyabanen, med heile tre seriekampar i aldersbestemt fotball. Den første kampen tek til klokka 11:45, når Søya/Todalen J11 møter Smøla. 
 
Klokka 13:00 spelar Søya/Todalen G10 mot CFK/KFK. Siste kamp, denne søndagen, går klokka 14:10 og er dagens andre kamp mellom Søya/Todalen J11 mot Smøla. 
 
Det blir open kiosk, med sal av kaffe, bakels med graut og andre godsaker. 
 
Så lurer du på korleis du skal få tida til å gå fram mot landskampen mellom Norge og Sverige i morgon kveld, så kan ein tur på Søyabanen korte ned ventetida!
 
Vi kan i same slengen ta med at måndag 13. juni klokka 18:00, spelar Surnadal/Søya G12 kamp mot Dahle frå Kristiansund, også denne kampen går på Søyabanen.
 
Følg: «Søya på Facebook»
 

Medlem i Todalen.no –


Publisert: 11. juni 2022, 20:26