Todalen ILs fotbalgrupper minner om Superlotteriet dei har på gang i samband med Todalsdagen. Dei byr på fine gevinstar, der ei hagemøbelgruppe frå Talgø er hovudgevinsten – verdi 9990,- I dag har det vore loddsal, og neste laurdag (22. juni) blir det loddsal på Matkroken – i tillegg til loddsal under Todalsdagen den 29. juni.
I tillegg til hovedgevinsten er det middag (med vinpakke) for to hos Svinvik gard, verdi 3400,- og Kygo headsett til verdi kr 1000 og 2 stk Talgø VIP-billetter, KBK – Brann, 15. september kl. 18:00. Kristiansund stadion. Og som sagt trekning på Todalsdagen 29. juni.