Loddsalget er alt i gang for det tradisjonelle «Superlotteriet», der det er trekning under Todalsdagen. Søndag var Frikk H. Talgø og Jens Olav Moe på plass framfor Matkroken L.Hals for å drive førehandssalg av loddar. Dei var godt nøgd med salget, for dei aller fleste som passerte på tur inn eller ut av butikken, stoppa for å kjøpe lodd.
På gjevinstlista hadde dei mellom anna to radiostyrte bilar og en engelsk landslagsdrakt, men hovudgevinsten er ei fin hagemøbelgruppe fra Talgø OutLiving som har verdi kr 10.000,- Så her er det bare å hive seg utpå og kjøpe lodd. Jo fleire lodd dess større sjanse!