Torsdag kveld var det regional prisutdeling i «Ernst & Young Entrepreneur Of The Year» i Trondheim. Det var knytta stor spenning til denne prisutdelinga, der to av kandidatane var nordmøringar, nemleg Hege Gåsvand frå Rindalslist og Terje Talgø frå Talgø Invest. Det var imidlertid sunnmøringen Asbjørn Solevågseide bedrifta Optimar Holding som trekte det lengste strået og vart regionvinnar. Men alle dei tre går vidare til landsfinalen som skjer på Oslo Plaza den 27. november, og kåringa av den nasjonale vekstskaparen.
I tillegg til dei tre som gikk vidare til landsfinalen, var det nominert 3 kandidatar frå Trøndelag. Det var Odd Arne Steffensen i Beach Mountain AS (Trondheim), Øystein Vold og Trond Thomassen i Normilk AS (Levanger) og Per Anton Løfsnes i Bjørøya Fiskeoppdrett AS (Flatanger).