I mangel på fysiske bøsseberarar låg det an til nok eit bedrøveleg innsamlingsresultat for Surnadal kommune si deltaking i TVaksjonen. Dette kan vi gjera noko med, tekte Elinor Bolme , som er leiar i Todalen IL og har «kompetanse» på pengeinsamling. Som tenkt så gjort, og Todalen IL arrangerte eit skikkeleg kaffelag ved gapahuken i Toåa tursti.

Elinor Bolme som er leiar i Todalen IL sørga for å koke kaffe på store svartkjelar. Foto Jon Olav Ørsal
Eit lite hint på Facebook så meldte det seg fleire «bakarar» som stilte med kaffebrød – eplekake, kanelsnurrar og mykje anna godt. – Det er lett å be om hjelp, og folk viser stor velvilje og stiller opp, konstaterer Elinor, som sjølv fyrte opp bålpanna og koka på fleire store svartkjelar med kaffe.

Dyktige bakarar hadde vore i sving, og T.I.L. kunne by på både eplekake, skuffekake og kanelsnurrar til kaffen. Foto Jon Olav Ørsal
I forkant hadde Elinor oppretta ein spleis, der inntekta går direkte til TV-aksjonen både innsamla penger og kaffepengane. – Og folk dei kom på kaffelag ved gapahuken ved Båthølen og jammen var var folk rause med støtta til aksjonen – heile 14.375 kroner var kome inn da vi las av spleisen etter at arrangementet i gapahuken ved Båthølen var ferdig. Dersom du har vore forhindra til å gje pengar til spleisen til T.I.L., så kan du berre ta det med ro – spleisen er open i 7 dagar enno, og du kan være heilt sikker på at pengane kjem TV-aksjonen/Barnekreftforeningen til gode og blir statistikkført på Surnadal kommune. Den digitale SPLEISEN finn du ved å klikke på denne linken

kaffelag 1 – frå v3enstre Arndis og Magne Søyset, Jorunn Husby, Solvår og Bjørgulf Øyen. Foto Jon Olav Ørsal

Kaffelag 2 – frå venstre Ragnar Halle, Åse Redalen, John Moe og Ivar Bolme med Sako. Foto Jon Olav Ørsal