Synnøve Helland styrer med sitt eige firma for sal av forsikringer og finansteneste frå heimekontoret på Nessalofta. Det har ho gjort dei 3 siste åra, og ho trivst med å arbeide slik. I tillegg er ho tilsett som rådgjevar i Formueforsikring AS, noko som legg beslag på ein del av arbeidsdagen. Tysdag kveld samla ho ein del av kundane sine på Pakkhuset Pub til investeringsseminar. – Og til pakkhuset kom det foredragshaldarar frå både Eidsvoll, Sverige og Singapore.
Synnøve hadde første sekvens sjølv, der ho orienterte om eiendomsfond og mulegheiter innan fondsinvesteringer, medan Morten Falstad frå Formueforsikring snakka om nettopp formueforsikring og mulegheitene for investeringskonto og rentefond. Falstad er gründer i Formueforsikring, og altså sjefen til Synnøve.
Elles var svensken Steffan becket på banen med sine rådgivingstenester i firmaet Nord Fondskommisjon og til slutt Rune Nilsson som kom direkte frå Singapore for å orientere om mulegheitene for investering i sitt prosjekt for betslingssystemet FlexM. Alt dette er agentur som Synnøve jobber for å selge til sine kunder i tillegg til finansiell rådgjeving, så har behov for slike tenester så er det nok berre å ta kontakt.
Men denne kvelden vart iallfal runda av med spekemat og Synnøves heimelaga potetsalat, – og med finanstenester som samtaletema rundt borda på Pakkhuset utover kvelden.