Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Styra i Surnadal Sparebank og SpareBank1 Nordvest har vedteke avtale om samanslåing

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. oktober 2020

(Surnadal/Kristiansund 20.oktober 2020) Det er to tradisjonsrike og sterke lokalbankar som no går saman for å skape ein enda meir attraktiv og sterkare lokal sparebank. Surnadal Sparebank og SpareBank1 Nordvest vil bygge ein ny bank som skal vere ein kraftig motor for heile regionen, med same nærvær til – og kunnskap om – kundane.  

Den nye banken får namnet SpareBank1 Nordmøre og vil dekke eit marked som strekker seg tvers gjennom Møre og Romsdal og til Trøndelag, med kontor i alle dei tre «Mørebyane», Trondheim og åtte andre stadar på ytre og indre Nordmøre. Sparebank1 Nordmøre får hovudbasar i Surnadal og Kristiansund. 

Historia til dei to bankane, så langt, er forteljingar om sterkt forankra, lokale suksesshistorier som har bygd verdiar for samfunn gjennom tre århundre. Historia fortsett no med eit nytt kapittel i forteljinga. 

Noverande adm. banksjef i Surnadal Sparebank, Allan Troelsen, blir sjef i den nye SpareBank1 Nordmøre. 

«Hovedmålet med sammenslåingen, utover å skape en bedre bank for kundene våre, er å sikre og utvikle attraktive lokale arbeidsplasser, skape større konkurransekraft og bidra til økt utvikling av næringslivet. Vi skal skape økt lønnsomhet og avkastning for eierne og større evne til å bidra til lokalsamfunnenes utvikling. Dette vil gi oss enda bedre forutsetninger for å møte fremtidens utfordringer og muligheter. Med 12 kontorer opprettholder vi begge bankenes tradisjon for å være tett på kundene våre og ha korte beslutningsveier. Våre ansatte kjenner kundene, bedriftene og samfunnet de jobber med. Tilgjengelighet, lokal tilstedeværelse og personlig rådgivning skal fortsatt være et tydelig varemerke og et konkurransefortrinn», seier Allan Troelsen. 

Adm. banksjef i Surnadal Sparebank, Allan Troelsen. Foto: Arkiv

Noverande administrerende bankdirektør, Odd Einar Folland, vil fortsette i sin rolle som administrerande direktør i Sparebank1 Nordvest til samanslåinga er gjennomført. Det vil bli inngått ein avtale som vil beskrive Folland sin rolle etter samanslåinga. 

«Vi skaper med stolthet en ny bank som tar med seg det beste fra begge bankene. Vi går inn i neste fase i prosessen med stor respekt for hverandre og med en god balanse på områder som er viktige for begge bankene, de ansatte, eierne og lokalsamfunnet de springer ut av», seier Folland. 

Administrerende bankdirektør i SpareBank1 Nordvest, Odd Einar Folland. Foto: Arkiv

«Sammen vil vi bli enda sterkere og skape helt nye muligheter. En mer attrektiv og sterk samarbeidspartner, en motor i regionen som vil gi ny kraft til å utvikle både samfunn og næringsliv. SpareBank1 Nordmøre vil ha aktivitet i alle kommunene på Nordmøre, og det vil forsterke samspillet mellom indre og ytre. I tillegg vil banken styrke samhandlingen i hele regionen der vi har aktivitet. Det vil være bra for kunder, ansatte, eierne og hele samfunnet vårt», fortsett Folland. 

Troelsen og Folland fortel at arbeidet med samanslåinga går særs godt og i tråd med plana. Vidare seier dei at SpareBank1 Nordmøre skal vere absolutt best på personleg kunderådgjeving – og samtidig gje kundane dei beste teknologiske, digitale løysingane. – Vi skal utvikle enda fleire og betre tilbod til banken sine kundar. 

Bankane som no slår seg saman, er særs godt nøgd med sine respektive alliansar. Basert på vurderingar knytta til den samanslåtte banken sime mål, inkludert omfanget av talet på berørte kundar, medarbeidarar og forretningsområde, har partane vurdert at den samanslåtte banken er best tent med å vere knytt til SpareBank1-alliansen. 

Stiftelsar skal gje pengar til allmennyttige formål i lokalsamfunnet. 

I samband med samanslåinga skal det opprettast to stiftelsar som skal vere eigarar i den nye banken. I Kristiansund blir Sparebankstiftelsen Nordvest oppretta, medan ein i Surnadal opprettar Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank. Desse stiftelsane skal bruke av banken sitt overskott og gje gåver til gode, allmennyttige formål i regionen. 

«Slik vil den kapitalen som er bygd opp lokalt, bli bevart lokalt. Gjennom å støtte gode formål i regionen, vil vi bidra til å styrke den ytterligere og gjøre den enda mer attraktiv. Dette kommer i tillegg til det bidraget den nye banken SpareBank1 Nordmøre vil bidra med av sponsoravtaler, arrangement og engasjement i hele regionen», fortel Allan Troelsen. 

Styret i bankane er samde om eit bytteforhold på 67,29% til SpareBank1 Nordvest og 32,71% til Surnadal Sparebank. Dette ut i frå verdijustert eigenkapital og normalisert resultat i dei to bankane. 

Som eit resultat av bytteforholdet vil det i samband med samanslåinga bli gjeve eit vederlag til egenkapitalbeviseierne i Surnadal Sparebank på 1.991.101 egenkapitalbevis i den samanslåtte banken. I Surnadal Sparebank er det i dag utstedt 2.015.345f egenkapitalbevis, noko som inneber at eit egenkapitalbevis i Surnadal Sparebank blir bytta med ca. 0,99 eigenkapitalbevis i den nye banken. Egenkapitalbevisene i Sparebank1 Nordvest vil behalde sine 2.243.478 egenkapitalbevis, i og med at banken juridisk sett er overtakande bank.

Vidare vil det bli utstedt 1.409.099 egenkapitalbevis til Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank og 3.418.159 egenkapitalbevis til Sparebankstiftelsen Nordvest. Dette utgjer  då 15,8% og 37,7% av den samanslåtte banken utstedte egenkapitalbevis. 

Berekningar syner at dei to stiftingane og egenkapitalbeviseierne til saman vil eige omkring 40% av banken sin eigenkapital ved samanslåinga. 

Styra i dei to bankane vil no fremje forslag for sine respektive generalforsamlingar om samanslåing av dei to bankane. Styra tek sikte på å få gjennomført generalforsamlingane den 24.november 2020. Gjennomføringa av samanslåinga er mellom anna betinga av at generalforsamlingane i bankane gjer naudsynte vedtak, samt at Finanstilsynet gjev dei naudsynte løyva til gjennomføringa og ikkje stiller vilkår som vesentleg endrar føresetnadane som bankane har lagt til grunn for avtalen. 

Det blir teke sikte på å gjennomføre samanslåinga rundt den 1.mai 2021. 

SpareBank1 Nordmøre vil få over 30 milliardar kroner i forretningskapital, om lag 300 tilsette i konsernet og vil vere representert med 12 kontor. 

Hovudbasar: 

  • Surnadal
  • Kristiansund

Kontor:

  • Averøy
  • Eide
  • Gjemnes
  • Heim
  • Molde
  • Smøla
  • Tingvoll
  • Trondheim
  • Aure 
  • Ålesund
Publisert: 20. oktober 2020, 18:46